Vi feirar sommarles på kino i år
Vi feirar sommarles på kino i år
I år som i fjor feirar vi sommarles med kinoframsyning
I år som i fjor feirar vi sommarles med kinoframsyning

Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 20:00
Pris
Gratis
Place / Room
Odeon Kino Straume
Målgruppe

Sommarlesfest 2022

Feiring av Sommarles med «Barske bøller» på Odeon kino

Årets Sommarles har vore ein stor suksess i år og. Vi er i alle fall imponerte! 1463 lånarar har delteke og 18837 bøker har blitt lest. Det er omlag 2 millionar sider! Men tala er jo ikkje det viktigaste, det er det leseopplevinga som er, og vi håpar alle dei unge Øygardslesarane har hatt mange av dei.

I år som i fjor feirar vi med å invitere til Sommarlesfest på Odeon kino på Sartor. Fredag 23. september klokka 18. viser vi filmen «Barske bøller», ein film som bygger på den populære bokserien med same namn.

Vil sommarlesbarnet ditt vera med, kan billett hentast på biblioteka på Rong, Straume eller Skogsskiftet. Førstemann til mølla! Ein kan hente billettar i våre opningstider, seinast innan utgongen av torsdag 22. september.  

(For at flest mogleg barn skal kunne delta, ser me helst at barnet vert følgt til kinoen, og henta igjen etterpå.)

NB - siste frist for å hente premiar for sommarlesinnsatsen er 14. september.