Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 20:30
Pris
Gratis
Målgruppe

Politikarpraten – kom og sei di meining om samfunnsdelen

Korleis ønsker vi å ha det i 2034 i Øygarden? Korleis kan vi arbeida saman for å utvikla kommunen vår? Kom innom eit av innbyggartorga våre, og møt våre politikarar.

Samfunnsdelen til kommuneplanen for Øygarden 2022-2034 er no ute på høyring. Vi ønsker å høyra di meining om utkastet. Kom innom eit av innbyggartorga i kommunen, og gje oss ditt innspel. I perioden mellom kl. 18.00 og 20.30 vil det vera lokalpolitikarar tilstades for å høyra di meining. 

Ordførar vil vera tilstades på dei tre innbyggartorga på følgande tidspunkt:

  • Rong Senter kl. 18.00 – 18.30
  • Sund Senter kl. 19.10 – 19.40
  • Sartor Storsenter kl. 20.00 – 20.30

Vel møtt!