Vestlandsvegar - om livet på farlege vegar
Vestlandet er kjent for smale, svingete vegar gjennom tronge fjordar og over bratte fjell. Dei var spektakulære, men også farlege. Nokre vegstrekk er kjende og ikoniske, som Måbødalen, Tokagjelet og Trollstigen. Andre er meir berykta enn berømte, som den gamle vegen gjennom Åkrafjorden, eller den såkalla Djevelens veranda i Egersund. I dag er mange av skrekkvegane erstatta av tunellar. Dei gamle vegane ber på mange dramatiske historier. I foredraget får du forteljingar om livet på vestlandsvegane i nær fortid. Om luftige hårnålssvingar, kork og kø, forskremde turistar, dramatiske ras og tragiske utforkøyringar. Du får sjå spektakulære bilder frå dei to bøkene.
HalvorFolgerø (f. 1967) er journalist, musikar og forfattar frå Stord. Han har i ei årrekke vore tilsett i nrk. «Vestlandsvegar» er hans tredje bok, og blei ein av fjorårets bestseljarar. I oktober kjem oppfølgjaren «Vestlandsvegar – frå Trollstigen til Djevelens veranda»
Arrangementrekka i biblioteka er støtta av Folkeakademiet.