Dataopplæring for seniorar. Illustrasjonsfoto: Øygarden kommune
Dataopplæring for seniorar. Illustrasjonsfoto: Øygarden kommune

Om dette arrangementet

Tid
10:00 - 15:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Storstova
Målgruppe

Dataopplæring for seniorar

Dette er eit grunnkurs for personar med ingen eller liten datakunnskap. På kurset vil du læra å bruka nyttige digitale offentlege tenester, videomøter, samt bestilla heimlevering av mat og andre varer.

Dataopplæring vert vidare i haust berre gitt på innbyggartorget og biblioteket på Straume på desse datoane:

Datoar: 15.09, 29.09, 06.10, 20.10, 27.10, 03.11 og 10.11 (torsdagar kl. 10.00 - 15.00).

Oppfriskingskurs med tema basert på tilbakemeldingar frå deltakarar på grunnkurset: Torsdag 1. desember kl. 10.00 – 13.00.

Grunna manglande påmelding går dei oppsette kursa på innbyggartorga og biblioteka på Skogsskiftet og Rong ut. Det er framleis ledige plassar på Straume.

Kurset er gratis

 

Påmelding: 

Meld deg på per telefon til Kim Kristiansen: 920 21 322, i butikken til Harddisk på Sartor Storsenter eller gå inn på nettsida til Harddisk «kurs» for å melda deg på. Du må velgja stad og dato.

Om kurset: 

• Det er plass til seks personar per kurs.

• Du må ta med eigen pc, ipad eller smarttelefon. Personvernet vert ivareteke gjennom heile kurset.

• Det vert servert te og kaffi, ta med eigen matpakke. Pausar vert lagt inn undervegs.