Foto: Marius Knutsen

Om dette arrangementet

Tid
19:00 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Til jord skal du bli

Velkomen til presentasjon av eit sprelsk, herleg, småvittig og absurd lite kammerspel frå tjukkaste bygde-Noreg.

Anders Totland sin siste roman Til jord skal du bli, klatra rett inn på bestseljarlista til Bokhandlerforeningen den første veka, i tillegg til at boka er selt til utlandet - og no skal bli film!

Boka er ein  rølpethriller frå bygda - om ein pensjonert prest som røktar bier, brenn sin eigen sprit, og i løpet av nokre få førjulsdagar plutseleg blir både bestefar og mordar. Det er eit salig kaos. Og ganske artig. Med denne boka når Totland ut til eit breitt publikum. Det er rett og slett umogleg å ikkje la seg sjarmera i senk av dei kostelege karakterane Totland har snekra saman i denne boka.

Totland har eit variert forfattarskap bak seg. Han har skrive fag- og skjønnlitteratur både for barn, ungdom og vaksne, den siste barneboka er ei faktabok om sjørøvarar. 

Møt forfattaren i samtale med Åshild Andersson Øyre, i Innbyggartorg og bibliotek på Straume denne januarkvelden!