NRK nett-TV

Tilgang
Fri tilgang
NRK sin nett-TV-stasjon. Her er det både dagsaktuelle dokumentarar, seriar og underhaldningsprogram frå statskanalen.

Det heile er ordna i kategoriar som Barn, Kultur, Humor, Sport. Henta frå NRK sitt rikhaldige arkiv. Fekk du aldri sett storsatsinga «Lykkeland», finn du alle episodane her. Sauen Shaun og Gruffaloen er mellom tilbodet for barn. Og sjølvsagt kan du få eit gjensyn med gamle sportshendingar. Treng du trimtips? Kva med «Trim etter julematen» frå romjula 1967? Du får i alle fall trimma lattermusklane.