Film Filmbib Winnerbäck et slags liv
Film Filmbib Winnerbäck et slags liv

Personleg og nær

20.03.20
Dokumentar frå 2017 om den svenske artisten Lars Winnerbäck. Du finn han på Filmbib.no

"Winnerbäck - et slags liv"
Filmbib.no

Den svenske artisten Lars Winnerbäck har alltid vore svært tilbakehalden med å dele ting frå privatlivet sitt. I denne interessante dokumentaren frå 2017 følgjer vi han både privat og på turné. Han fortel om ting som har prega livet hans frå han var liten, både på godt og vondt.

Ei humoristisk, undrande tilnærming og med mange personlege private filmklipp gir denne dokumentaren eit personleg preg. Klipp av låtar frå konsertar gir også ein fin variasjon.

Vi møter også andre artistkollegaer som til dømes Per Gessle (Roxette, Gyllene Tider) som i samtale med Winnerbäck serverer interessante synspunkt om både seg sjølv og Winnerbäck. Ein føler rett og slett ei nærleik og deltaking i historiane og måten dette vert formidla på.

Kanskje det er akkurat sånne opplevingar ein treng meir av i tider som dette?

Filmen er tilgjengeleg gratis for alle biblioteklånarar via Filmbib (logg inn med nasjonalt lånenummer og pinkode).

Her kan du lese meir om Filmbib og andre gratis strøymetenester