Filmtips
Filmtips til påske

DVD-tips

26.03.21
Lei av påskekrim på TV? Lån ein film på DVD. Her er eit par tips:

Three billboards outside Ebbing, Missouri

Dette er ein spannande, morosam og engasjerande dramafilm med kinoaktuelle og dyktige Frances McDormand («Nomadland») i hovudrolla. Mildred Hayes er lite nøgd med politiets arbeid i jakta på dotteras mordar og prøver sjølv å finne leietrådar som kan løyse saka. Filmen tek opp alvorlege emne som vert balanser med bruk av svart humor. Woody Harrelson og Sam Rockwell gjer og flotte rolletolkingar som politimenn.

His dark materials, sesong 1

Det er svært etterlengta for mange fantasytilhengjarar endeleg å få Philip Pullmans boktrilogi («Den mørke materien») filmatisert. Resultatet er ein vellaga spanande serie som står godt på eigne bein.
Kva for val vil Lyra ta i denne magiske verda? Kan ho stole på alethiometeret, isbjørnen Iorek Byrnison eller nokon av dei andre? Når ein først har komme inn i handlinga i denne serien, er det vanskeleg å stoppe..

 

Begge kan lånast på Straume bibliotek.

Opningstider i påskeveka