Bokmelding av "Kan vi bare late som" og "Begge Dør Til Sidst"
Bokmelding av "Kan vi bare late som" og "Begge Dør Til Sidst"

For ungdom: "Kan vi bare late som" og "Begge Dør Til Sidst".

av Gro
11.06.22
Den siste veka har skuleeleven Noora vore i praksis i biblioteket. Ho fekk ei oppmoding om å skrive bokmeldingar av bøker ho har lese, og den tok ho på strak arm. Her kan du lese hennar omtale av ungdomsbøkene "Kan vi bare late som" og "Begge Dør Til Sidst"

 

 

Kan Vi Bare Late Som

Skrevet av Camilla Sandmo

Utgitt av Vigmostad Bjørke i 2017

 

Kan Vi Bare Late Som er ei kort men flott bok. Hovudkarakterane er Emma og Jossi, Emma driv på med kunstlaup, medan Jossi driv på med hockey. Desse to møtast ute på isen som framande som ikkje likar kvarandre, men går av isen som noko mykje nærmare enn berre vener. Spørsmålet er, har dei ei framtid saman?

Emma slit med forventningane i heimen, med mor på nakken og ei syster som berre gjer det verre fordi ho er ein toppelev, bortsett frå i gym. Medan systera les, spelar Emma dataspelet Sims døgnet rundt der ho myrdar alle karakterane og latar som dei er verkelege folk ho ikkje liker. Ho går på kunstlaup, men presset er ikkje mindre der, i det minste ikkje før ho møter Jossi, som er på hockeylaget for gutar.

Dette er en bok som inneheld pinlege augneblink som mange kan kjenne seg att i, press og stress om skole, sport og karakterar. Det er latter, varme augneblikk og hendingar som kan få fram både sinne og tårer. Emma og Jossi er det totale motsetnadar, men det stopper dei ikkje frå å være saman, det gjer dei berre sterkare.

Dette er enkelt sagt ei bok du kan lese fleire gongar og framleis ha den same nytinga av ho når dagen er omme. Denne boka er nok mest lest av ungdom, men kan óg lesast med glede av folk som ikkje er ungdom og.

 

 

 

Begge Dør Til Sidst

Skrevet av Adam Silvera

Norsk utgåve utgitt av Oslo : Fontini forlag i 2022

 

Begge dør til sidst er ei bok som tar sted i New York, den har vore heilt sidan første akt i boka: ei trist bok, fylt med kjærleik, tap, sorg og dei små augeblinkane som får deg til å måtte smile medan du les den. Men også det totalt motsette, denne boka fangar verkeleg opp tårene i augekroken.

Med to gutar som hovudkarakterar, Mateus og Rufus og mange sidekarakterar i same slengen, som for eksempel Pluto-gjengen som er vennane til Rufus, faren og bestevennen til Mateus som og kommer til å følgje etter dei to i tårer. Akkurat slik som lesarane kjem til å gjere gjennom boka medan dei les. Desse to møtast gjennom ein app for menneske som har fått ein telefon frå et byrå ved namn «Death-Cast»  5. september. Desse to brukar sin siste dag til å møtast fyrst og fremst i leiligheita til Mateus. Han var livredd for å døy og bruker dagen på å seie farvel til sine nærmaste og leve livet ein siste gong. For Mateus som aldri hadde levd livet ut til det fullaste, eller i det heile tatt – er det å bruke dagen med ein som har levd livet fullt ut, det beste som kunne ha hendt ham, betre seint enn aldri.

Eg skulle ønske at man kunne seie at berre slutten fangar opp tårer, men heile boka gjer eigentleg det, og sjølv om tittelen seier det den seier, sitter man gjennom heile boka og håper berre på det motsatte. Sjølv om man er i tårer i gjennom halve boka, kan man også kalle den hjartevarmande og koseleg.

Du som liker triste og hjarterørande bøker som inkluderer litt stygt språk og vonde augneblink, kjem ganske enkelt til å elske denne boka.

 

 

 

 

 

 

Skrive av Noora B Trengereid

09.06.2022