Vindmøller Øygarden

Vindmøller i Øygarden, eller? Paneldebatt om energi- og miljøpolitikk

26.03.22
Neste tysdag er det duka for debatt om energi- og miljøpolitikk på Rong bibliotek, og no er deltakarane klare.

Kvifor har det vorte så stor motstand mot vindkraft i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet har vore prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, og bygdefolk som har slutta å snakke med naboane sine. For ikkje å nemna ACER, utanlandskablar og elektrifisering av sokkelen.

Korleis vil vi ha det her hjå oss?

Vil vi vera annleis enn resten av Norge, og ønskje ei utbygging av havvind velkommen? Vil krigen i Ukraina og sanksjonar mot russisk gass utfordra det grøne skiftet? Vil det bli ekstra press på Norge og vår region om å forsyna Europa med fornybar energi fra vatn og vind? Kva meiner eigentleg politikarane i Øygarden om kraftpolitikk og det grøne skiftet?

Kven kjem?

Til panelet kjem fleire lokale politikarar: Tom Georg Indrevik (H), Svein Otto Jacobsen (FrP), Stian Oen (Ap), Andreas Breivik Ormevik (MDG) og Nils Bjarte Sæle (R). Debattleiar er redaktør i Vestnytt, Marit Kalgraf.

Svein Otto Jacobsen

Svein Otto Jacobsen (FrP)

Tom Georg Indrevik

Tom Georg Indrevik (H)

Stian Oen

Stian Oen (Ap)

Andreas Breivik Ormevik

Andreas Breivik Ormevik (MDG)

Nils Bjarte Sæle

Nils Bjarte Sæle (R)