Blomsterdalen Niviaq Korneliussen
Ekko

10 bøker frå bokhausten

av Kari
03.11.21
Bokhausten er over oss. Her er nokre av dei nye bøkene som no er på plass i Øygardsbiblioteka:
Nokon er det venteliste på, andre står berre og ventar på den rette lesaren. Mange av bøkene finn du også i bibliotekappen BookBites.
 

Synne Sun Løes: Sinnapsykologen
Ho startar dagen med å kaste egg på inngangsdøra til arbeidsplassen sin og drikk raudvin frå eggeglas, for ho er ingen drankar. Psykolog Idunn Jæger er rasande på det meste, ikkje minst "pakkeforløpet" i psykisk helsevern og helseminister Bent Høie, men ho er ingen DRANKAR! Velkommen inn i livet til "Sinnapsykologen".

Ildefonso Falcones: Sjelemaleren
Barcelona-forfattaren Ildefonso Falcones («Havets katedral») har ein trufast lesarkrins i Øygarden. Ein ny bok frå hans hand vert alltid sett fram til i spaning. No er «Sjelemalaren» her. Handlinga er sjølvsagt lagt til Barcelona, denne gongen på byrjinga av 1900-talet, då arkitektar som Gaudi og Domènech i Montaner sette sitt preg på byen.

Richard Osman: Mannen som døde to ganger
«Feel good» og krim - to boksjangrar ein skulle tru ikkje gjekk så godt saman, men bøkene om «Torsdagsmordklubben» av Richard Osman vert kalla akkurat det – «feel good-krim». Her møter me pensjonistgjengen som samlast kvar torsdag for, over eit glas vin eller to, å diskutere gamle, uløyste kriminalsaker.  Den første boka kom på norsk før påske, no er oppfølgjaren på plass i biblioteket.

Gunnar Staalesen: 2020 Post festum
Dei som håpa det skulle komme ei ny bok om Varg Veum i haust, vert skuffa. I staden har me fått den fjerde (!) boka i hundreårstrilogen til Staalesen. Og sanneleg dukkar Varg Veum opp her. For det er sjølvsagt han som skal prøve å løyse saka om den mystiske «Isdalskvinnen». Men dette dannar berre ramma om det som er forteljinga om Bergen og Norge dei to første tiåra i dette hundreåret.

Niviaq Korneliusse: Blomsterdalen
Dette er boka som vart tildelt Nordisk Råds litteraturpris for 2021. Niviaq Korneliussen skriv sterkt og  modig om sjølvmord blant unge på Grønland. Det er ungdommen sjølv som fører ordet i boke som ein dansk bokmeldar beskriv som «en vanvittig smuk og grum roman». I grunngjevinga frå Nordisk Råd heiter det mellom anna at dette er eit verk som berører og gir innblikk i grønnlendarane sitt liv i dag, og i traumene som stendig set djupe spor i kvardagslivet. «Dette er sterk kunst som vil leve».

Politikk og sånt

Olaug Bollestad: Snakk sant om livet. Ført i pennen av journalist Kjersti Mjør
Kristeleg Folkeparti-leiar og instagram-dronning, sjukepleiar og uhøgtideleg humorist. Olaug Bollestad har mange andlet. Her fortel Bollestad ope om hendingar som har prega livet hennar – ei psykisk sjuk mor, #meetoo-erfaringar i misjonsmiljøet, men også om mannen, som instagramfølgjarane hennar kjenner som den lettkledde «Hr Larkins». Boka er også spekka med gode råd frå «Fru Larkins», prenta som sirlege korsstingsbroderi.

Abid Raja: Min skyld
Ei vond men engasjerande og tankevekkjande bok om oppvekst mellom to kulturar i Norge. Biografien er ikkje ei politisk skildring, men ei open og ærleg forteljing om ein vond oppvekst med vald, skam, skjult kjærleik og eit vanskeleg handikap Abid er fødd med. Boka er eit viktig bidrag for å kunne forstå eit moderne, fleirkulturelt Noreg.

Espen Rostrup Nakstad: Kode Rød. Kampen for det vakre.
Pandemien gav oss heilt nye fagfolk og «kjendisar». Ein av dei er Espen Nakstad. Trygg og god, med pondus og autoritet, men også enkelt og tydeleg språk, har han vore ein del av kvardagen vår gjennom pandemien. Slikt blir det bok av. Tittelen er «Kode rød. Kampen for det vakre». Fagmannan tar oss med på ein kronologisk gjennomgang av det som skjedde i koronatida, og ser også attende til tidlegare pandemiar, og framover mot det som kan kommen.

Camilla Stoltenberg: Året som aldri tok slutt av Lilla Sølhusvik
Camilla Stoltenberg er ein annan person som også nesten dagleg har besøk oss frå tv-skjermen det siste halvtanna året. Som for alle oss andre, vart dette ei tid heilt annleis enn planlagt. I staden for tid til vener og trening, vart det lange arbeidsdagar frå heimekontoret, avløyst av eit utal pressekonferansar. Lesaren vert tatt med bak kulissane, til romma der avvegingar og avgjerder  vert fatta.

Ekko – et essay om algoritmer og begjær
I boka «Ekko-et essay om algoritmer og begjær» skriv Lena Lindgren om teknologien og stordataen sin verknad på oss menneske, forklart gjennom den greske myten om Ekko og Narcissus. Forlaget kallar boka eit forsøk på å skildre vår «blind date» med kunstig intelligens. Verkeleg  spanande og tankevekkande lesning.