
Bibliotekets litteraturpris: Les og stem på dine favorittar
Lånarar og lesarar kan bli med og avgjerde kva bok som skal få bibliotekets litteraturpris for aller første gang. Les dei ti nominerte bøkene og stem på dine tre favorittar innan 24. oktober på Bibliotekets litteraturpris
Prisen skal gå til ei bok for vaksne som er utgitt på norsk dei siste fem åra. Det er bibliotekarer frå dei åtte største folkebiblioteka i landet som i ein lang nominasjonsprosess har kommet fram til ein kortliste på ti bøker. Sjølve prisen er ein statuett som er formgjeven av den anerkjende kunstnaren Kjell Erik Killi Olsen. Vinnaren hedrast 24. november på Bærum bibliotek.
De nominerte bøkene
- Når landet mørknar (2018) – Tore Kvæven
- Skabelon (2020) – Malin C. M. Rønning
- Er mor død (2020) – Vigdis Hjorth
- På jorda er vi glimtvis vakre (2019) – Ocean Vuong
- Kjærlighetens AntarktisKjærlighetens Antarktis (2019) – Sara Stridsberg
- Ekko. Et essay om algoritmer og begjær (2021) – Lena Lindgren
- Emily foreverEmily forever (2021) – Maria Navarro Skaranger
- The HillsThe Hills (2017) – Matias Faldbakken
- En frivillig død (2021) – Steffen Kverneland
- Eg snakkar om det heile tida (2018) – Camara Lundestad Joof
«Lånerne våre er landets fremste lesere. Nå får de muligheten til å stemme fram den beste litteraturen på norsk», sier Merete Lie, avdelingsdirektør ved Deichman Bjørvika, på vegne av initiativtakarane.
Initiativet til Bibliotekets litteraturpris kjem frå folkebiblioteka Deichman (Oslo), Bergen offentlige bibliotek, Sølvberget (Stavanger), Trondheim folkebibliotek, Kristiansand folkebibliotek, Tromsø bibliotek, Drammensbibliotekene og Bærum bibliotek. Prisen delest ut for første gang i 2022, og skal heretter deles ut årleg. Alle bibliotek i Noreg er invitert til å vera med på denne årlege lesekampanjen som startar no.