Boktips: Heimat-eit tysk familiealbum

av Gro
04.03.20
Ein tankevekkande grafisk roman om korleis vi blir forma av arven frå dei som har levd før oss

I «Heimat-eit tysk familiealbum» får vi familiehistoria til den tysk-amerikanske forfattaren Nora Krug, kor ho leitar etter sitt heimat. Heimat er eit særtysk ord det ikkje er lett å oversetja eller gjendikte til andre språk. Ho gjer oss ein forteljing om abstrakt skam og dårlig samvit på den eine sida og lengsel etter ein tysk identitet på den andre. Ho var fødd i Karlsrue i 1977 og vaks opp i eit samfunn som ikkje snakka om fortida. Men korleis kan du forstå deg sjølv og ditt eige heimat om du ikkje veit kor du kjem ifrå?  Med eit lyrisk språk og sterke visuelle virkemidlar nøstar ho opp trådane for å finna svar på kor hennar eigen familie var då synagogane brann.

Ved å fortelja si eiga historie er ho med å kasta lys over ein heil generasjon si historie. Boka havna på New York Times og Time magazine si liste over årets beste bøker det året den kom ut og Morgenbladet si anmelder meiner denne boka kan treffe mange unge lesarar som kan kjenna seg att i blandinga av dårleg samvit og heimlengsel, sjølv om dei ikkje har vakse opp i Tyskland.