Lån ei e-bok
Lån ei e-bok

Lån ei e-bok!

av Gro
05.11.20
Bokhausten er godt i gang i biblioteket, også digitalt.

Er du ein av dei som står på venteliste på nokon av dei aktuelle titlane denne bokhausten? Visste du at mange av dei populære titlane også blir kjøpt inn digitalt og kan lånast som ebok på Bookbites? 
BookBites  er den appen biblioteka i Vestland brukar til å låne ut e-bøker og e-lydbøker gratis. 

Aktuelle titlar som er å finna der er til dømes «Bakom synger døden» av Karin Fossum, «Er mor død» av Vigdis Hjort og «Tollak til Ingeborg» av Tore Renberg er døme på nye bøker du finn i appen no. 

Det er lett å lasta ned og låna: Du treng epost-adresse og lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på biblioteket. Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!
1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epost-adresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les

Vil du stå på venteliste på ei av papirbøkene, men ikkje veit korleis du gjer det? Spør ein av oss på biblioteket. Vi hjelper deg gjerne.