Buffy By er talentfull bokanbefaling
Forfatterportrett: Anna Julia Granberg

Lett å bli glad i Buffy By

av Gro
20.04.20
Ein skikkeleeg fighter i tradisjonen etter Pippi og Tonje Glimmerdal

Ingeborg Arvola
«Buffy By er talentfull-en selvbiografi»

Buffy By er ei jente det er lett å bli glad i! Ho er elleve år, går i sjette klasse på Refsa skule i Groruddalen. Ho bur i niande etasje i ei blokk saman med mora og broren Bobbie, som berre er 10 månader yngre og går i femte klasse. Faren er ein kriminell dust som stakk då borna var heilt små, og ifølge mora var det det beste som kunne skje.

Den vesle familien er fattige i rike Oslo. Det er mange scenar som skildrar fattigdommen, men dette er langt frå ein familie tapt bak ei vogn.

Dei får det til å gå rundt. Takka vere matrasjonar frå fattighuset, evne til å reparera det som går i stykke og ved å nytta seg av gratistilbod, har dei det fint saman i den vesle familien. 

Buffy er skildra som ein livsglad, kreativ og løysningsorientert liten fighter som får meg til å tenkja på andre jenter eg kjenner frå barnelitteraturen, som Pippi og Tonje Glimmerdal.

Ho går i ein fin skuleklasse, verkar det som, leia av den kloke læraren Randi. Teksten har form som ein sjølvbiografi, fordi det er ei oppgåve Randi har gitt elevane sine: å skriva sin eigen sjølvbiorafi.

Ifølge Buffy sjølv er ho ikkje spesielt god i noko, slik broren og mange av dei andre klassekameratene er. Ikkje før ho er med på eit gratiskurs i slalåm i vinterferien, går det opp for ho at dette er noko ho verkeleg likar og har naturtalent for. Det er det og andre som ser, men det byr på store utfordringar. Alpint er jo ikkje nokon billeg sport å driva med...

«Buffy By er talenfull - en selvbiografi» finst som e-bok og lydbok i bibliotekappen BookBites, og som vanleg papirbok på Øygardsbiblioteka.