
Biblioteka bemanna frå klokka 10
I ein overgangsperiode opnar me dørene klokka 9. Då er det er høve til å levere og låne bøker på automatane. Innbyggjarservice er også betent frå klokka 10.
Frå 1. februar har biblioteka betent publikumsteneste i dette tidsrommet:
Straume:
- man-ons, fre: 10-16
- tors: 10-19
- laur: 10-15
Rong og Skogsvåg:
- man-ons, fre: 10-16
- tors: 10-19
- laur: stengt
Koronatiltak på bibliotek og innbyggjartorg:
Øygardsbiblioteka føl dei til ei kvar tid gjeldande smittevernråda i kommunen, og har no tilnærma normal drift. Ved smitte eller karantene kan ein eller fleire bibliotekavdelingar verte stengt på kort varsel.
Me oppfordrar lånarane våre til å:
Bruke munnbind dersom du ikkje kan halde minst 1 meters avstand.
Bruke sjølvbeteningsautomatane til utlån og innlevering. Ha alltid med lånekort.
Dersom du vil bruke møterom, må du registrere deg med namn og mobilnummer i skranken. Det gjeld og dei som nyttar publikums-pc’ane i biblioteklokala.
På Rong og i Skogsvåg er det mogeleg å lese aviser så lenge kravet om 2 meters avstand vert følgt. På Straume vert avis- og tidsskriftkroken førebels ikkje opna.
Dersom du ikkje ønskjer å gå på biblioteket, kan du låne e-bøker på bibliotekappen Bookbites.
Publikumstoaletta er stengt.
Velkommen til Øygardsbiblioteka.