
Biblioteka over jul og nyttår
Julafta og nyttårsafta er det stengt på alle tre biblioteka. Rong og Skogsvåg har stengt også i romjula, men biblioteket på Straume har vanleg opningstid.
Øygardsbiblioteka følgjer dei til ei kvar tid gjeldande smittevernråda i kommunen
Det er no nesten normal drift i biblioteka og du kan bruke lengre tid i biblioteket og du vil få høve til å bruke pc’ar og ta kopiar.
På Rong og i Skogsvåg vert det og mogeleg å lese aviser så lenge kravet om 2 meters avstand vert følgt. På Straume vert avis- og tidsskriftkroken førebels IKKJE OPNA.
Publikumstoaletta er stengt.
Me oppfordrar lånarane våre til:
- Bruke munnbind dersom du ikkje kan halde minst 1 meters avstand
- Bruke sjølvbeteningsautomatane til utlån og innlevering. Ha alltid med lånekort.
- Dersom du vil bruke møterom, må du registrere deg med namn og mobilnummer i skranken. Det gjeld og dei som nyttar leseplassane i biblioteka.
- Dei som nyttar publikums-pc’ane må registrere namn og mobilnummer i skranken.
- Dersom du ikkje vil gå på biblioteket, kan du låne e-bøker på bibliotekappen Bookbites
Me vil informere om evt. endringar.
Ein eller fleire bibliotekavdelingar kan bli stengt på kort varsel ved smitte.
Men noko er framleis lov:
låne bøker, filmar og cd’ar, bruke den elektroniske bibliotektenesta BookBites og andre digitale tenester.
Dei digitale Øygardsbiblioteka finn du her:
Øygardsbiblioteka - heimeside
Søk i biblioteket si samling, og bestill bøker her:
Søk i biblioteket si samling
eller last ned appen Bibliofil
Elektroniske bøker og lydbøker finn du i appen BookBites
Facebook:
Følg oss på Instagram:
Oygardsbiblioteka