Bli med Asbjørn og Astrid på eventyr på rømmen!
Bli med Asbjørn og Astrid på eventyr på rømmen!
Vi gler oss til å møte alle dei ulike karakterane i  forteljinga.
Vi gler oss til å møte alle dei ulike karakterane i forteljinga.

Bli med på Sommarles 2022!

av Gro
27.05.22
Frå 1. juni

Snart er det klart for den digitale lesekampanjen Sommarles.no. Frå 1. juni kan alle 1. - 7.klassingar i Øygarden kommune vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 164 000 barn. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.

Mange har nok vore med på Sommarles før, og veit korleis det går føre seg, men for andre er det kanskje første gongen?

Slik blir du med:
Frå 1. juni kan du laga ein profil på www.sommarles.no (eller www.sommerles.no viss du heller vil ha bokmål).
Har du vore med før, kan du kanskje bruke den profilen du laga i fjor, eller i forfjor? På sommarles.no registrerer du bøker du har lese og får lesetips frå andre. Der kan du òg lese den spanande sommarles-historia, og vere med på konkurransar. 

For å få tilgang til sommarlesforteljinga om Astrid og Asbjørn, må du har eit kodeord – nytt kapitel og nytt kodeord kvar måndag. Kodeordet får du på biblioteket. Du finn det òg på heimesida, facebooksida og instragramsida til Øygardsbiblioteka. 
Du får poeng for bøker du har lese, og du kan tene fleire poeng (XP) på aktivitetane på sommarles-sida, og gå opp i level.

Premiar på biblioteket
Når du kjem til level 10, kan du hente den første premien din på biblioteket, enten på Straume, Rong eller Skogsvåg, (i biblioteka sine bemanna opningstider).

-Lese? seier du. -Eg likar best å høyre på lydbøker. 
Slapp av. Du kan registrere lydbøker også, eller teikneseriar, eller nokon kan lese høgt for deg. All lesing tel i denne konkurransen. 
Her finn du meir om Sommarles:
https://altom.sommerles.no/

Informasjon til foreldre/føresette
Sommarles er ein nettbasert lesekampanje som skal motivere barn til å lese. Barn frå 1.-7. klasse kan vere med, også dei som skal byrje på skulen denne hausten. 
Du finn boktips og kan låne bøker på biblioteket, eller bruk bibliotekappen Bookbites. Der er det også mange bøker for born.