Haust = lesing

av Kari
27.09.21
Etter rekordsommaren er det til for aktivitetar innomhus. På biblioteket finn du boktips og inspirasjon.
Bokhausten, seier me, og tenkjer på alle bøkene som blir gitt ut i perioden september til desember. Denne hausten er det mange spanande bøker å gle seg til. Nokre er allereie på plass i biblioteket, andre kjem utover hausten.

Øygarden kommune har innført innkjøpsstopp, så lånarane må rekne med å vente litt på nokre av godbitane. Men me vil framleis får mange spanande bøker inn i hyllene utover hausten, og mange er allereie på plass. Berre spør, så prøver me å hjelpe.

Boktips

Gunnar Staalesen kjem med ny bok, nummer fire, i det som vert kalla Bergenstriologien. «Post festum heiter» ho. Odda-forfattarane er alltid spanande å følgja. Frode Gryttten si nyaste novellesamling, «Gut, jente, juni, juli» er på plass i bibliotekhyllene, medan Marit Eikemo kjem med si bok, «Team Tuva», seinare i haust.

«Skammens mødre» av Anita Østerbø handlar om åleinemødrene sin harde kamp på 1950- og 60-talet. Handlinga er lagt til Bergen. Trude Teige re ein annan forfattar som går attende i tid. Det er allereie venteliste på «Morfar pustet med havet». Det er ein oppfølgjar til «Mormor danset i regnet» frå 2015. Har du ikkje lese ho, kn det vere ein god introduksjon.

Biografiar er alltid spanande lesing. Abid Raja sin sjølvbiografi har fått god omtale. Boka er på plass i hyllene. Magnus Takvam si bok om mora, Marie Takvam, ventar me framleis på.

Ny krim

Nokre les alt av Ken Follett, andre vil heller ha Peter May. Begge er aktuelle med nye bøker på norsk. Biblioteket abonnerer på desse, så dei kjem etter kvart. Men kanskje dette er tida for å prøve noko heilt anna? Danske Ane Riel skriv krim som vert beskrive som «idyll noir». Kor idyllisk det er, kan diskuterast, men spanande er det. Biblioteket på Straume har de tre bøkene som er komme på norsk. Vil du ha noko mindre mørkt, kan du prøve deg på britisk Richard Osman. «Kosekrim» er eit ord som vert brukt om bøkene hans. «Torsdagsmordklubben» kom i vinter, nummer 2 – «Mannen som døde to ganger» kjem til biblioteket seinare i haust.

Lånarfavorittar

Jojo Mojes og Cecilia Samartin er alltid populære på Øygardsbiblioteka. Både «Når hvalene synger» (Mojes) og «Kolibri» (Samartin) er på plass på biblioteket.