Stortingsval Stortingsvalg
Bookbites ny logo 2021
Bookbites
Bøker, tur, bok
Til fots - en filosofi om å gå

Haust på biblioteket

av Kari
30.08.21
Førehandsrøysting, ny versjon av Bookbites og sommarlesfest

Førehandsrøysting i biblioteka

Fram til stortingsvalet 13. september det høve til å førehandsrøyste på alle dei tre Øygardsbiblioteka.

Siste dag for førehandsrøysting er 10. september. Veke 35 (frå 31.. august) og 36 er det mogeleg å stemme fram til klokka 21 på kvardagar på alle tre biblioteka. Laurdag 4. september er det dessutan ope for førehandsrøysting klokka 10 til 15 alle tre stader.

MERK: Fredag 10. september er siste dagen for førehandsrøysting. Då stengjer vallokala på biblioteket på Rong og Skogsvåg klokka 16, klokka 18 på Straume.

Her finn du opningstidene til førehandsrøystinga i Øygarden

Bookbites – ny versjon i august

Mange har oppdaga at lese- og utlånsappan BookBites er komen i ny utgåve.

Til deg som har brukt BookBites før: Appen må lastast ned på nytt. Det kan vere lurt å slette den gamle appen børst.

Du teng lånenummeret ditt og pinkode for å logge deg på. Her får du tilgang både til e-bøker og lydbøker som biblioteket har kjøpt inn.

Les meir om BookBites her

Sommarles-suksess

Årets Sommarles for barn har vore ein kjempesuksess i Øygarden. Rekorddeltaking, rekordmange bøker lest, og rekordmange premiar delt ut. Dette vil me gjerne feire. Korona og smittevern set avgrensar kva me kan gjerne, men me har planar … Sett kryss ved 25. september i kalenderen, så kjem me attende med meir informasjon.

Det skjer i biblioteket

Me byrjar så smått å opne opp att for arrangement i biblioteklokala. I heile haust vert det dataopplæring for senior i kommunen. Tidspunkt og opplysningar om påmelding finn du på arrangementsidene våre: 

Arrangement på Øygardsbiblioteket

Her vil du finne fleire arrangement etter kvar som me får på plass avtalar med ulike aktører. Følg også med på facebooksida til Øygardsbiblioteka.

På grunn av den usikre koronasituasjonen vert det framleis smitteverntiltak på arrangementa i biblioteket.

Hausten er lesetid

Bokhausten 2021 kjem til å by på mange gode leseopplevingar. Mange store norske forfattarar kjem med nye bøker: Gunnar Staalesen har varsla at han kjem med ei fjerde bok i den populære hundreårstrilogien frå Bergen. Lars Saabye Christensen er allereie ute med fjerde bok i «Byens spor»-serien. Andre forfattarar med nye titlar denne hausten er Cecilie Enger, Marit Eikemo, Jan Kjærstad…  for pnemne nokon.
Gamle krimtravarar som Jørgen Jæger og Anne Holtk er også snart på plass i hyllene. Utanlandske favorittar er Peter May, Ildefonso Falcones, Jonathan Franzen og Jojo Moes – det er mykje å gle seg til. Og kanskje kjem det ein spanande debutant og dankar dei ut, alle saman?

Lokalt kan me for eksempel by på «Jeg er Symphorien» om sundsokningen Symphorien Pombe, skriven av Sverre Bungum, og øygardingen Else Austbøe si bok «Identitet har røter».