Nye opningstider frå 7. april 2021

Held stengt onsdagar

24.03.21
Bibliotek og Innbyggjartorg held stengt onsdagen i tida framover frå og med 7. april 2021.

Øygarden kommune er inne i eit omfattande arbeid med vurdering og reorganisering av tenestene for å oppnå best mogleg tilbod til innbyggjarane. For å kunne gjennomføre dette arbeidet, held tenestene Bibliotek og Innbyggjartorg foreløpig stengt kvar onsdag.
Dette gjeld alle tre tenestestadane: Straume, Skogsvåg og Rong.

Nye opningstider Bibliotek – Innbyggjartorg:

Måndag – tysdag – fredag kl. 10.00 – 16.00
Onsdag stengt
Torsdag kl. 10.00 – 19.00
Laurdag kl.10.00– 15.00: Straume Bibliotek
Måndag – søndag kl. 08.00 – 22.00: meirope bibliotek i Skogsvåg