Hobbybøker
Klar for ein ny hobby?

Hobbytid

av Kari
27.09.21
Klar for ein ny hobby? På biblioteket finn du boktips til inspirasjon.

Har du planar om å byggje drivhus? Eller berre lage god og berekraftig mat? Treng du nye strikkeoppskrifter eller drøymer du om eit utekjøken du kan bruke neste sommar? Eller kanskje er det hunden som treng nokre nye utfordringar haustmørket?

Her er nokre nye bøker:

«Inne- og utesnekring – frå vedbærer til drivhus».

Snikkarparet Anna og Anders Jeppsson står bak denne boka med praktiske råd og vink om korleis du kan lage enkle og praktiske løysingar heime. Biblioteket har og fått ei ny utgåve av

«Dyrk enkelt med drivhus»

av Maria Berg Hestad. Her får du råd om korleis du kan realisere draumen om drivhus.

Er du litt mindre ambisiøs, og berre ønskjer å lage god og berekraftig mat. Gro Hammer gir deg oppskriftene i boka

«Fra jord til bord: 100 sunne og bærekraftige oppskrifter».

Her er både brødbakst og suppekoking, og dessutan sesongbaserte vekemenyar.

Er strikkinging hobbyen din? Ellen Kjellermo har lage ei sokkebok med gamle, gode oppskrifter. Boka er for den som vil halde handverket i hevd, men nybegynnarar kan også finne glede i boka med tittelen

«Farmormors sokker».

Frimerkesamlaren kan vite at den danske

«Frimærkekatalog 2022»

for Vesteuropa (3 band) no er kommen i hus på Straume. Hundeeigaren kan finne mange råd og tips til korleis halde kjæledyret i vigør gjennom vinteren i boka

"Hjernetrim for hunder: mental trening med morsomme og enkle aktiviteter". 

Vi du helst ikkje gjere noko praktisk, men likar best å stire på havet, har biblioteket også ei bok for deg: Pia Ve Dahlen har skrive boka

«Verden under vann: en oppdagelsesreise i havet».

Her kan du lese om alle dei merkelege skapningane som lever i havet. Ho tar deg med på oppdagelsesferd i tareskogen, og til dei djupaste havdjup. Her er kapiteloverskrifter som «Here be monsters» og «Ting du ikke visste du ikke skulle ta på» …