Illustrasjonsfoto frå flytteprossessen
Illustrasjonsfoto frå flytteprossessen
Trappa opp frå 2. etg
Trappa opp frå 2. etg
Heis frå 1. etg
Heis frå 1. etg
Heis frå 2. etg
Heis frå 2. etg
Innleveringsboks utanfor heis i 3. etg
Innleveringsboks utanfor heis i 3. etg

Innbyggartorg og bibliotek opnar i nye lokale på Straume 22. august

av Gro
11.08.22
Endeleg kan vi ynskje velkommen i nye lokale!

Måndag 22. august opnar Øygarden innbyggartorg og bibliotek i nye lokale i 3. og 4. etg på Sartor senter, (der Kjempegøy og Vilvite var før). Som det eine biletet viser er ikkje alt på plass til vi opnar, og tilbodet vil vere noko redusert i starten.

Det er tilkomst til dei nye lokala via trappa ved Elkjøp og Ark bokhandel eller via pubikumsheisen i senteret. Heisen finn du mellom frisøren Salong Mon Ami og undertøysbutikken Hunkermøller i 1. etg eller inn frå «Gato» ved Musti dyrebutikk i 2. etg.

Om du vil levere inn bøker og anna materiale er innlveringsboksen sett på utsida av heisen i 3. etg