
Alle må ta sine forhåndsreglar i desse dagar.
Korona: Opne bibliotek, men med restriksjonar
av Kari
08.02.21
Alle tre bibliotekavdelingane til Øygardsbiblioteka er opne denne veka, men berre for innlevering og utlån av bøker og anna materiale.
Øygarden kommune er plassert i ring 2 etter utbrot av nye, meir smittsame koronavirus i Vestland.
Biblioteka kan framleis vere opne, men med ein del begrensningar:
- Det er berre høve til å levere inn og låne bøker og anna materiale.
- Begrensa bruk av pc og berre til nødvendige gjeremål
- Kun korte opphald i biblioteklokala
- Det er ikkje høve til å lese aviser
- Møterom og grupperom er stengt
- Det er påbod om bruk av munnbind i Øygarden kommune. Det gjeld også biblioteklokala.
- Ta med LÅNEKORT og bruk AUTOMATANE for å begrense kontakten og halde avstand.
Me ber om forståing for restriksjonane. Biblioteka kan blir stengt på kort varsel dersom smittesituasjonen endrar seg.