Øygarden kulturskule vårutstilling 2021
Øygarden kulturskule vårutstilling 2021

Øygarden kulturskule presenterer elevarbeid i biblioteket

av Gro
29.05.21
Velkomen innom biblioteket for å sjå skapargleda.

Tradisjonen tru viser elever frå kulturskulen arbeid frå det siste skuleåret i biblioteket sine lokalar og vi er glade over å få vise frem skapargleda som finns blant dei unge talenta i år og. Her kan ein få sjå eit bredt spekter av uttrykk laga av 46 elevar, både måleri, teikning og skulptur er representert. I utstillingsboksen på Straume bibliotek viser vi eit utval av produksjonen, medan på facebook, instagram og her på heimesida vår, kan ein sjå ein lita filmsnutt som visar fleire arbeid enn det boksen rommar.

Vanlegvis har vi ein liten markering der vi samlast og har litt bobler i glaset for å markera utstillinga som opna. I år som i fjor utset vi det å samlast fysisk, sidan vi er i den tida vi er i. Men hjartleg velkomen innom for å sjå, både i utstillingsboksen og digitalt.

Følg lenka for å sjå filmen på youtube