Om Skogsvåg bibliotek
..
Du finn biblioteket i enden av Sund senter.
Biblioteket er meirope frå kl.08-22, men for å nytta tilbodet må du oppgradera lånekortet i skranken.
På biblioteket kan ein låna bøker, lydbøker og film. Vi har tilbod både til born og vaksne. Alle bibliotek i landet samarbeider, så det du ikkje finn på biblioteket i Skogsvåg, kan tingast frå andre bibliotek.
I biblioteket kan du og lesa aviser, få hjelp til henta informasjon, surfe på internett og slappa av.
Skogsvåg bibliotek har trådlaust nettverk så du kan ta med berbar pc og bruke internett, eller du kan bruke ein av våre publikums pc-er.