Rolf Magne Golten Andersen

Om dette arrangementet

Tid
11:00 - 12:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Kokosbananas!

Kokosbananasbøkene er humor for små barn og barnslege vaksne. Velkomen til ein artig føremiddag på biblioteket!

Gøyal høgtlesing med forfattaren Rolf Magne Golten Andersen, som også har alle stemmene i dei populære lydbøkene om Kokosbananas på Storytel og NRK.

Kokosbananas er ein helsprø liten oppfinnar som bur i den koselege bygda Nøttvik med familien sin, Mamma Banana, Pappa Kokos og lillesøstera Baby Koko.

Forfattar og innlesar Rolf Magne G. Andersen les høgt og får hjelp frå barna til å lage lydeffektar, så vi saman kan lage ei skikkeleg gøyal opplesing!

Passer frå 3 år.