Våre tenester

Velkommen til biblioteket, vi har gratis internett på alle avdelingane våre!

Fjernlån
fjernlaan

Innlån
Biblioteket kan låna inn materiale vi ikke har tilgjengeleg sjøl. Personalet lokaliserar tittelen og ordnar med bestilling. Tenesta er gratis. Materiale som alt finst på eitt av biblioteka, lånar vi som hovudregel ikkje inn, men sett deg gjerne opp på venteliste, slik at du får melding når boka er ledig att.

Norgeslån
Norgeslån er ei teneste der du sjølv kan tinga materiale frå bibliotek andre stader og velja kva bibliotek du vil henta det på. Ver merksam på at ein del bibliotek ikkje lånar vidare t.d. nye og populære titlar, nye spel og filmar osv.
Bruk Biblioteksøk for å søkje i fleire bibliotek samstundes.
Tenesta er gratis.

Spel i biblioteket

På avdelinga i Rong kan du spela Playstation, Nintendo DS, Wii U og x-box. På avdelinga i Straume kan du spela Playstation. Både Rong og Straume har eigne spelrom.
Du kan spela mange ulike spel i biblioteket. For å låne spel må du ha lånekort. Du kan også låna nokre av spela med deg heim.
På biblioteket kan du også spele brettspel - alt frå sjakk og Scrabble til Ubongo og Settlers of Catan. Finn deg eit bord, ein medspelar og set i gong!

 

Utskrift, kopi, skanning
På biblioteket kan du skriva ut og kopiera dokument, og skanna og senda til epost. Prisar finn du under Lånereglement