Om dette arrangementet

Tid
19:00 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Føredrag om gjestgjevarstaden Bukken ved Arild Marøy Hansen

Er du interessert i lokalhistorie? Denne kvelden får du høyra meir om gjestgjevarstaden Bukken og området rundt.

Vi ønskjer velkomen til føredrag om handelstaden og gjestgjevarstaden "Bukken", som ligg nord for Krossfjorden i Bukkasundet.
Den gunstige beliggenheten ved innseilinga til Bergen gav Bukken stor betydning. Bukken ligg i Raunefjorden mellom Lerøy og Bjelkarøy, på ei av dei små øyane i Bukkasundet; midt i hovudleia mot nord. Alt på 1600-talet var Bukken ein av dei sentrale gjestgjevarstadene ved innseglinga til Bergen. I dag er Bukken freda og i god stand.
Arild marøy Hansen har tidlegare jobba på Bergens Sjøfartsmuseum som maritim arkeolog og historikar, og skal fortelje historien om Bukken.

Bildet er henta frå Digitalt Museum