Om dette arrangementet

Tid
11:00 - 14:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Introduksjon til slektforsking

Er du interessert i å læra meir om slektsforsking og korleis du kan gå fram for å finna informasjon og gode verktøy?

Møt historikarane Kenneth Bratland og Frode Fyllingsnes denne laurdagen. Dei vil gje ein introduksjon til kjelder og verktøy som kan nyttast om du vil gå i gang med å finna ut meir om slekta di. Første tema vil vera oppstartsfasen for dei fleste slektsgranskarar med bruk av trykt litteratur som bygdebøker og slektsbøker. Eit steg vidare er å gjera seg nytte av Digitalarkivet. Det vil verta presentert saman med dei viktigaste typane arkivmateriale. Til slutt er det sett av tid til spørsmål og diskusjon.