Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 19:30
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Lansering av Algrøy bygdebok

Velkomen til ei hyggeleg stund med presentasjon av den rykande ferske bygdeboka for Algrøy!

Det vil bli smakebitar frå boka som du og kan kjøpa etter arrangementet. 

"Velkomen til Algrøy bygdebok, eit vakkert og viktig bidrag for å ta vare på historia til Algrøyna. I boka kan vi lesa om menneska som har budd på øyaa gjennom tidne, og lista over gode historier er lang. Vi lærer om ufred og om røvarar som kom sjøvegen, om dagleglivet i den nære fortida vår, om farefulle fisketurar i robåten og det tunge slitet på den skrinne jorda, om husdyrhald og dyrking av mat, om kristentru og samhald i sorger og gleder, om skulen gjennom generasjonar, om utvandring og kontakt med dei som drog. 

(utdrag av forordet i boka, skrive av Gudveig Lillebø)