Foto: Helge Skodvin

Om dette arrangementet

Tid
19:00 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek

Nazistenes bombing av Norge. Føredrag ved Vigleik R. Mathisen

Er du interessert i krigshistorie? Møt opp på Innbyggartorg og bibliotek på Straume denne kvelden.
Historikar og stadansvarleg ved Fjell festning Vigleik Røkke Mathisen står for den første samla framstilling av den tyske terrorbombinga i Norge våren 1940.
­Boken, med tittelen «Nazistenes bombing av Norge. Dag for dag, time for time i april, mai og juni 1940», blei lansert i oktober og skildrar korleis over 50 norske bygder og byar heilt eller delvis vart lagt i ruiner av nazistane i dette tidsrommet.
Det er godt kjend at dei tyske stridskreftene overrumpla det norske forsvaret 9. april. Mindre kjend er kor omfattande den tyske bombinga av norske sivile mål var. Det var etter kongens nei at det tyske Luftwaffe trappa opp bombinga. Frå 9. april til byrjinga av juni blei byar og tettstader bomba, frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord. Byar som Kristiansund, Molde og kommunikasjonsknutepunktet Åndalsnes fekk store skader. Åndalsnes blei jevna med jorda, og Kristiansund sentrum forsvann i røyk og flammar.
Høyr forfattaren fortelja om denne dramatiske perioden i norsk historie.
Velkomen!
 
Foto: Helge Skodvin