Velkommen til plantebonanza
Velkommen til plantebonanza med Anders Røyneberg

Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 19:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Plantebonanza med @arcticgardener

Lurar du på korleis du kan lukkast med grøne planter? Korleis du kan skape ein god heim gjennom å ta med naturen inn i stua di? Og kvifor planter har fått eit så veldig oppsving? Vi inviterer til føredrag med populære Anders Røyneberg, også kjent som @arcticgardener på Instagram og frå NRK og TV2 God morgen Norge.

Anders Røyneberg har skrive bøkene "Plantelykke" og "Plantebonanza", og inspirerer sine over 100 000 følgarar frå heile verda til å leve grønare. Anders har innreia heimen sin på Hadeland med hundrevis av potteplanter og vil fortelle deg kva grønplantebølga handlar om, korleis du kan lukkast med å stelle, ivareta og velje kva planter som høver til deg.
Føredraget bugnar av grøn inspirasjon og bilde av frodige rom. Tips til godt vårstell får du også.
Kjærasten hans, Erik Schjerven, er medforfattar av bøkene og sidekick på føredraget. Dei har med ein grøn giveaway til ein heldig publikummar. Det blir sal og signering av bøker for dei som vil, og godt høve til å stille spørsmål om plantepleie og få deira beste, grøne tips.

Det blir også litt grønt for ganen denne kvelden. Vi serverer noko å eta med grønt fokus.

Om føredragshaldarane:
Anders Røyneberg er fødd på Jæren, vaks opp på bondelandet i Østfold og nå busett på Hadeland. Han er agronom, psykiatrisk sjukepleier og sexolog. Til dagleg arbeider Anders som terapeut, skribent og føredragshaldar.
Erik Schjerven er frå Oppland og utdanna marknadsførar. Han er, som Anders, planteelskar og arbeider som forretningsutviklar i den lokale næringshagen. Saman har dei skrive Plantelykke og Plantebonanza, som begge er bestselgarar i Norge og omsett til ei rekke språk. Våren 2023 kjem den første hageboken deira.
Arrangementet er i samarbeid med Hageselskapet Sotra.