Om dette arrangementet

Tid
19:00 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Skjebneval i USA

Dei to tidlegare USA-korrespondentane kjem til oss denne haustkvelden for å snakka om valet i USA

Nordmenn er opptekne av valet i USA, men mykje er vanskeleg å forstå. Dette gjeld både valsystemet, og korleis kulturelle og sosiale tilhøve verkar inn på veljarane.

Presidentvalet kjem til å bli dyrare og bitrare en nokon gong, denne gongen blir det kanskje også det viktigaste: Er demokratiet trua? Kan de bli borgarkrig? Eller er folkestyret så solid at det uansett vil vinne over alvorlege politiske kriser og djupe sosiale splittingar?
Mange amerikanarar har erfart at medan løna har stått stille, har prisane auka jamt og trutt. Veljarane gjev dei folkevalde skulda, og politikarforakta er rekordhøg. Dei to store partia står langt frå kvarandre og det politiske klimaet i Washington DC er kjøligare enn på lenge.
Det er nok av saker å gripe tak i: Helse og skule, illegal innvandring og sjølvbestemd abort, internasjonalt samarbeid kontra “America First”. Kven er best eigna, ei svart kvinne, vise-president Kamala Harris, eller ein kvit mann, eks-president Donald Trump.
Denne gongen er det mange som meiner at sjølve det politiske systemet er trua og at demokratiet står på val.
Alt dette og meir kastar vert det kasta lys, og bidreg til at vi er litt meir opplyste når valet går av stabelen i byrjinga av november.

Velkomen til ein interessant kveld hos oss.

Programmet er i samarbeid med Vestland fylkeskommune.