Om dette arrangementet

Tid
19:00 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Strikkeføredrag med Birger Berge

Velkomen til strikkeinspirasjon på biblioteket!

Birger Berge kjem frå Sunnfjord i gamle Sogn og Fjordane. Han er kjend for Instagram-kontoen @birgerberge, der han deler si mønsterglede og skaparkraft. Birger byrja å designe luer og vottar for seg sjølv, og er no ein av Noregs mest populære mønsterskaparar. Birgers signatur er tradisjonelle norske plagg i klassiske nordiske mønster. Han inspirerast av den rike mønsterarven i strikk, broderi og veving, og skapar ut frå dette nye mønster til vottar, sokkar, trøyer, luer og anna. Denne kvelden kjem han til oss på Straume, mellom anna for å snakka om den rykande ferske boka si, Nordisk mønsterstrikk.