UTSATT! Om skam, uttrykk for skam og korleis skam er knytt til depresjon. Med Marte Bygstad-Landro
Velkomen til nytt føredrag i Straume bibliotek.
Skam har etter kvart blitt eit kvardagsord for mange, men forstår vi djupna og rekkevidda av denne kjensla? Korleis kjem skam til uttrykk? Kva inneber det å kjenne på den vonde skamma? I denne førelesninga fortel Marte Bygstad-Landro om det å leve med depresjon og skam, og korleis komme seg ut av dette. Ho vil kome med eksemplar på korleis skam viser seg hos menneske og korleis menneske kan frigjerast frå skamkjensla.
Bygstad-Landro er tidligare utdanna psykiatrisk sjuke-pleier og har master i psykisk helse. Ho er no PhD stipendiat/forsker ved VID vitenskapelige høgskule.
Det vert og innlegg med erfaringskonsulent.
Arrangementet er i samarbeid med Helse Bergen og Vestland fylkeskommune