Om dette arrangementet

Tid
10:00 - 15:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Den store klesbyttedagen

Bytt dei gamle klesskattane du ikkje bruker lenger – og få nye favorittar i retur samtidig som du sparer miljøet! Laurdag 29. april 2023 kjem Den store klesbyttedagen på biblioteket. 

I regi av Naturvernforbundet samarbeider Øygarden Frivilligsentral, Sotra Husflidslag og Øygarden innbyggartorg og bibliotek også i 2023 om Klesbyttedagen.
Mange av oss har alt for mykje klede allereie. Samtidig ønsker vi oss nye klede. Laurdag 29. april arrangerast det klesbyttefest på Straume bibliotek og innbyggjartorg klokken 10-15 for deg som vil fornye klesskapet på ein miljøvenleg måte.
Klesbyttekonseptet er enkelt: Finn frem opp til sju heile og fine plagg frå bakarst i klesskapet. For kvart plagg du har med deg får du ein kupong du bruker til å bytte til deg eit nytt plagg som du faktisk har lyst til å bruka. Innlevering av klede skjer på Innbyggartorg og bibliotek på Straume bibliotek torsdag 27. april frå 12-19, fredag 28. april frå 10-16 og laurdag 29. april frå 10-12.
Klede som vert til overs leverast til eit godt formål.

Fikselaug
På klesbyttedagen på biblioteket stiller også Sotra Husflidslag med eit «Fikselaug» med smilande reparasjonskompetanse frå kl. 12-15. Dei har med utstyr for vøling, stopping og bøting, og kan visa deg korleis du kan koma i gang med å gje sokkane eller plagga dine eit nytt og vidare liv.
Ta gjerne med deg plagg som du lurer på om kan fiksast, så kan du sikkert få nokon gode tips eller veiledning om korleis gje plagget eit nytt liv