Foto: Pixabay.

Om dette arrangementet

Tid
12:00 - 16:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Sartor senter
Målgruppe

Gamingdagar på Sartor

Bli med på gamingdagar på Sartor!

Gamingdagar i samarbeid mellom Innbyggartorg og bibliotek, Ung Kultur og Sartor storsenter. Det blir konkurransar og speling på PC, Playstation 5 og Nintendo Switch, og høve til å spele eit parti sjakk eller læra seg Pokemon-kortspel. Konkurransane vil vere i Fortnite, Minecraft, FC24 (tidlegare kjent som FIFA), Mariokart og Super Smash Bros. Det vil vere tilskodarskjerm der ein kan fylgje spelinga live. Rundene er på maks 15 minutt, så det er lett å hive seg med. Arrangementet er retta mot barn og unge, men dei som er «gamle i gamet» er også velkomne til å prøve seg! Vi kjem hovudsakleg til å halde til i Glassgården, men vil også ha ein aktivitet ved Coop Obs. Vi trekker tre premiar blant alle som har vunne ein konkurranse og i tillegg ei premie blant alle som har vore med. 

Tid for gamingdagane er fredag 21. juni kl 12-22, og laurdag 22. juni kl 12-16.

Inga påmelding. Det er berre å dukka opp!