Om dette arrangementet

Tid
16:00 - 19:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Redesignkurs for ungdom

Vil du lære å redesigne klær og sy av brukte tekstiler? Bli med på gratis redesign-kurs på biblioteket!

Vil du lære å redesigne klær og sy av brukte tekstiler? Bli med på redesign-kurs med Sabine Gottwald, som er utdanna skreddar og har mange års erfaring frå tekstilbransjen.

Redesign er miljøvenleg, vi sparar penger og ikkje minst blir vi meir kreative når vi driv med redesign.

Har du ei yndlingsjakke du vil fiksa litt på, eller ei bukse du vil sy om. Kan ein kjole bli til noko heilt anna? Kva kan du nytta gamle klede eller tekstiler til?

Første timen kan vi sy handlenett om du ikkje har eit eige prosjekt allereie. Vi diskuterer kva deltakarane er interesserte i, og tar utgangspunkt i det.

Ta med dette til første gong: liten saks, målebånd, knappenåler (lange), sytråd, penn, papir, sikkerhetsnåler, stoff eller klær som skal endres. Fortvil ikkje om det er noko av dette du ikkje har, vi ordnar det :)

Kurset går over 6 gonger annankvar onsdag fra kl. 16-19. Datoar: 08. februar / 22. februar / 08. mars / 22. mars / 05. april og 19.april

Kurset er i samarbeid med Ung Husflid. Velkommen!