Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 20:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Reparasjonskafé

Har du eit plagg som trengs å fiksast, men veit ikkje heilt korleis? Kom på reparasjonskafé hos oss!

Har du noko som har blitt øydelagt eller ikkje passer lenger? Vi startar med reparasjonskafe på biblioteket på Straume.  

Denne våren startar vi med reparasjonskafé fire torsdagar, med "kafévert", skreddar og redesignar Sabine Gottwald:
29. februar
14. mars
11. april
23. mai

Sabine har allereie hatt ein del sykurs og føredrag hos oss, og er ein engasjert og kunnskapsrik person som liker å ta vare på det som finst frå før, og gje nytt liv til gamle tekstilar.

Dette er et lågterskel tilbod som krev minimalt med førehandskunnskap, 
det er berre å møte opp! 
Inga påmelding. Vi har nokre symaskinar tilgjengelege, 
men ta gjerne ditt eige utstyr med for å bli meir trygg på dette. 

Vel møtt!

Repair cafe for clothing
Learn to mend clothes! Bring one or more garments you want to fix! We have the equipment and the knowledge, and you can borrow sewing machines. 

 

Tenk ombruk! Ta vare på det du har, og reparer det du kan.