Om dette arrangementet

Tid
12:00 - 17:30
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Skrekkfilm-maraton

Bli med på skrekkfilm-maraton i romjula!

Denne dagen har vi sett av til skrekkfilmar på biblioteket:
Vi viser desse filmane:

For barn:
Kl. 12.00 A nightmare before christmas. Aldersgrense 11 år.
I Halloweenland herskar den ubereknelege gresskarkongen Jack Skellington. Han overvåkar produksjonen av redselsfulle, uhyggelege og overraskande effektar som blir eksportert til «den verkelege verdan» kvart år til allehelgensdag. Ein dag kjem Jack ved eit tilfelle til å opne døra til julelandet, som er befolka av alver og julenissen. Jack blir begeistra og bestemmer seg for å ta kontroll over jula...

For ungdom:
Kl 14.00. Rare exports. Aldersgrense 12 år.
Ein finsk-norsk-fransk–svensk skrekk-, dark fantasy-, thrillar-komedie frå 2010 om menneske busatt i nærleiken av fjellet Korvatunturi, som oppdager hemmeligheten bak Julenissen...

For vaksne:
Kl 16.00. Krampus. Aldersgrense 15 år.
Når den dysfunksjonelle familien til lille Max brakar saman i juleferien, mister han trua på jula og snur ryggen til den. Det Max ikkje veit, er at mangelen på julestemning har sluppe laus Krampus sin vrede - ein demonisk kraft med eldgammal ondskap som er innstilt på å straffe dei som ikke trur...

Arrangementsrekka "Litt ekstra tid i jula" er eit samarbeid mellom Nytt fellesskap, Sotra Øygarden turlag og Øygarden innbyggartorg og bibliotek.