Pop & rockquiz
Velkomen til ny pop & rockquiz med Kenneth og Svein
Velkomen til ny runde med musikkquiz. Kenneth og Svein, som er langt over gjennomsnittet interesserte i musikk, står for pop- og rockquiz denne kvelden. Kenneth er hovudansvarleg for musikk- og filmavdelinga i folkeboksamlinga, og Svein er blant mykje anna, aktiv med ein rekke nettradioar, frå rock til danseband. Det blir musikk og spørsmål for alle. Kom aleine eller med eit ferdig quizlag. Kjekt blir det uansett! PS. Det lønar seg med ein fin aldersblanding i laget.