Om dette arrangementet

Tid
12:00 - 12:30
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Rambua, Dagsturhytta i Blomvågen
Målgruppe

Monsterbesøk på dagsturhytta i Blomvågen

Bli med på familieframsyning på Rambua, dagsturhytta i Blomvågen

Storemonster og Veslemonster er bestevener. Dei har det alltid kjekt i lag. Men ein dag, då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko moro å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman, alle tre?
I denne vesle figurteaterframsyninga om kor vanskeleg det er å vere tre, møter vi Lys levende Adele i alle rollane. Den varar i om lag 30 minutt, og passar for heile familien, frå 3 år og oppover.
Arrangementet er i samarbeid med Øygarden Turlag. Du finn informasjon om turen ut til dagsturhytta på ut.no her: https://ut.no/turforslag/1112156499/rambua-dagsturhytte. Parkering ved Blomvåg kyrkje.
Påmelding på www.hoopla.no. Søk opp Øygarden.
OBS! Framsyninga startar ved dagsturhytta kl 12.00.