Om dette arrangementet

Tid
13:00 - 13:45
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Dagsturhytta Veten
Målgruppe
Participate in the event

Monsterbesøk på Veten

Bli med på barneframsyninga Monsterbesøk på dagsturhytta ved Veten!

Velkomen til figurteater ved den nye dagsturhytta på Veten. Bestevenane Storemonster og Veslemonster har det alltid kjekt saman. Men ein dag då Storemonster vil leike, kan ikkje Veslemonster, for Raggmonster er på besøk. Det er ikkje noko kjekt å leike aleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre? Forestillingen bygger på biletboka med same namn av Áslaug Jónsdóttir, Rakel Helmsdal og Kalle Güettler. Framsyninga er ved skodespelar, litteraturformidlar og forfattar Adele Duus. Framsyninga startar ved dagsturhytta. Det blir ikkje felles tur opp, her kan folk koma frå den kanten dei vil. Kle dykk etter veret, ta med mat og drikke og bli med! Passer for barn frå 3 år. Her er eitt av tur framlegga frå Ut.no Tur til Veten og her kan du sjå meir info på kommunen sin side Turer i Øygarden - Veten

Påmelding (gratis billetter): Billetter til Monsterbesøk på Veten