Språkkafé Straume bibliotek kvar tysdag kl. 13
Språkkafé Straume bibliotek kvar tysdag kl. 13

Om dette arrangementet

Tid
13:00 - 14:30
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Språkkafé på Straume

Språkkaféen på Straume bibliotek skal vera ein sosial møteplass for innvandrarar som ønskjer å praktisera norsk munnleg.

 

Det er opent for alle og tilbodet er gratis! 

Språkkaféen er leia av Flykningtenesta i samarbeid med Straume bibliotek og Øygarden frivilligsentral. Det blir delt inn i gruppar på 2 frivillige og 4-5 deltakarar. Kvar gruppe sitt samla rundt eit bord og snakkar om eit gitt tema. Underveis blir det enkel servering av varm mat. Nokon gonger blir det også brettspel og diverse kulturinnsalg. Språkkaféen er eit sosialt og kjekt tilbod både for den frivillige og for deltakarane.

Vil du vera frivillig på språkkafé? Ta kontakt: frivillig@oygarden.kommune.no eller på tlf: 56 16 02 28.

Vi treng om lag 10 frivillige kvar tysdag kl. 13.00 - 14.30. 

 

PS: Velkommen til nye lokale. biblioteket har no flytta opp i 3. etg

Du finn oss 3. etg midt i 
Sartor senter, (der Kjempegøy og Vilvite var før).

Det er tilkomst til dei nye lokala via trappa ved Elkjøp og Ark bokhandel eller via publikumsheisen i senteret. Heisen finn du mellom frisøren Salong Mon Ami og undertøysbutikken Hunkermøller i 1. etg eller inn frå «Gato» ved Musti dyrebutikk i 2. etg.

Tilbod om gratis skyss

Vaksne personar med fysisk funksjonsnedsetjing får no tilbod om gratis skyss til språkkafé på tysdagar. Meld deg på for transport her: Gratis skyss 20.09.2022