Om dette arrangementet

Tid
18:00 - 21:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Sykurs

Vil du bli betre på å sy?

Etter vårens suksess med redesignkurs, kjem det no eit nytt kurs med same kursleiar. Sabine Gottwald er utdanna skreddar, har studium i tekstil og design og mange års erfaring frå tekstilbransjen. Denne gangen tar vi utgangspunkt i å sy eit skjørt. Vi er mellom anna innom dette: Finn riktig passform. Korleis ta ut mønster? Klipping av stoff. Saum av klær. Ulike saumteknikkar. Vi er også innom redesign og eventuelle spørsmål du har, svarer vi gjerne på. Kurset er berekna på deg som er komfortabel med symaskin og har sydd litt før. Ta med dette til første gong: Saks, målebånd, knappenåler (lange), sytråd, penn, papir, sikkerhetsnåler, stoff eller klær som skal endres. Du treng ikkje å ta med mønster til første kurskveld. Vi har kanskje noko du kan bruke.

Kurset går over 5 gonger annankvar onsdag frå kl. 18-21. Datoar: 27. september, 11. oktober, 25. oktober, 8. november og 22. november.