Om dette arrangementet

Tid
11:00 - 13:30
Pris
Gratis
Bibliotek
Place / Room
Bibliotekscena
Målgruppe

Ei lita hue av blått - kulturell formiddag på biblioteket på Sartor.

Sotra Husflidslag markerer Kulturminnedagane med lansering av det heilt ferske heftet om Blåhua; "Ei lita hue av blått", føredrag, minikonsert og opplesing.

Program
«Frå kystkulturen sin gløymde tekstilarv»
Bjørg Christophersen, tidlegare leiar ved Museum Vest, avd. Kystmuseet i Øygarden
Bjørg har jobba ved Kystmuseet i Øygarden i veldig mange år og har eit stort hjarta for den tekstile kulturarven som tilhøyrer regionen. Bjørg vil denne laurdagen fortelja om drakttradisjonar og tekstilar frå tidlegare tider ved øyane her vest. Om symbolikkar og skikkar og gløymde skattar.

«Minikonsert og musikalske innslag»
Thomas Aurlund Lossius (kontrabass) og Laila Linde Lossius (sang og gitar)
Thomas og Laila vil presentera ei blanding av folketonar, viser og jazz. Thomas er ein profesjonell bassist frå Sotra. Han har mastergrad i i utøvande jazzmusikk og har spelt på 15 albumutgjevingar.
Laila spelar gitar og syng viser frå blant anna Sverige og dei Britiske øyane. Ho har oversatt ein del av desse til norsk. Saman har dei tidlegare gitt ut CDen «Toner fra et åpent vindu»

«Ei lita hue av blått»
Tordis Lunde, forfattar
Tordis er ein lokal forfattar frå Sotra. Opprinneleg frå langt langt nord i Norge. Ho har gitt ut fleire bøker.
Tordis les frå den levandegjorte forteljinga om «Den vesle jenta og blåhuene» frå det nye heftet om blåhuetradisjonen.
Snorklipping og «hefteslepp» - av det heilt ferske heftet «Ei lita hue av blått»
Sotra Husflidslag med Raudlistegruppa.