Foto: Helge Skodvin

Om dette arrangementet

Tid
12:00 - 13:00
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Sandra Lillebø om Annie Ernaux

Ein introduksjon til Annie Ernaux sitt forfattarskap.

Annie Ernaux (f. 1940) har sidan debuten i 1974 rokke å bli ein av Frankrike største forfattarar. Ho har dei siste åra også fått mange lesarar her i landet, etter at fleire av bøkene hennar nyleg er kome i norsk omsetting.

6. oktober 2022 blei ho tildelt Nobelprisen i litteratur. Men kven er Annie Ernaux?

Ernaux er kjend for sine selvbiografiske romanar der ho utforskar tema som familierelasjonar, seksualitet, lidenskap og skriving, samtidig som ho alltid er politisk og opptatt av kjønn og klasse. 
 
I grunngjevinga frå Svenska Akademien heiter det at prisen blir tildelt Annie Ernaux for "motet og den kliniske skarpheten som hun avdekker det personlige minnets røtter, fremmedgjøring og kollektive begrensninger".

Sandra Lillebø er forfatter og journalist. Ho har med stort engasjement formidla Ernaux sin forfatterskap til det norske publikum og har møtt og intervjua forfattaren ved fleire høve. I dette føredraget gjev Lillebø oss ein introduksjon til Ernaux sitt forfatterskap.