Torill Karina Børnes fortel om serien Snøklokker
Handlinga i den nye serien frå Torill Karina Børnes er lagt til Mundal ved Fjærlandsfjorden i 1898. Vida og familien bur på den vesle garden Uri. Når broren til farens nye kone dukker opp og seier de er i stor fare, blir familieløyndomar avslørte.
Bygdas hotell er fullt av engelske lystreisande som vil nyte den ville og vakre naturen. Vida drøymer om å gå i faren sitt fotspor og bli breførar for dei. Sjølv har hun jo gått der heile livet og kjenner rutene ut og inn. Hun møter mykje motbør, men drøymar let seg ikkje kue.
Denne sommaren får familien spennande besøk av slektningar frå England. Det viser seg at unge Rose også har drøymar som strid mot det som er forventa av ei ung kvinne av hennar stand.
Torill Karina Børnes er frå Sotra. Ho er utdanna tekstforfattar frå Westerdals reklameskole, og debuterte med romanserien Spinnesteinens løfte (8 bøker). I 2017 kom serien Morild. Den blei på 15 bøker. Snøklokker, hennar tredje romanserie, blei lansert 13. januar i år.