Om dette arrangementet

Tid
14:00 - 14:40
Pris
Gratis
Bibliotek
Målgruppe

Ulla Krulle, sauen Bæbæ og krøll på tråden

Bli med på barneteater med teaterkompaniet grep

Ulla Krulle er verdas flinkaste strikkedame og saman med sin gode ven Kakebake jobbar ho for julenissen. Sjølv om det ikke er jul, så strikkar ho likevel. No strikkar ho grytelappar til Kakebake som er på bakeferie i Bakistan. Men så dukkar naboane Pål på haugen og Mor Åse opp med garn. Dei vil at ho skal strikke eit fint lappeteppe, og Ulla set i gang. Men sauen Bæbæ er så leiken, og plutselig så er alt garnet blitt ei stor floke. Ulla som alltid er snill og grei, må være litt streng mot sauen Bæbæ og gir han skulda for all krøll på tråden. Men idet det byrjar å bli litt vel mykje krøll i
heimen til Ulla Ulla Krulle er Bæbæ borte. Kvar er Bæbæ? Har han
rømt? Og kven er det som rotar til trådnøstene til Ulla?